
God kveld alle saman, me har måtte tatt eit lite opphald på blogginga, grunna tekniske problem der ingen skulle tru at nokon kunne SOVE!. Me mellomlanda på Frankfurt i 5 timar og tre kvarter, noko som er heilt naturleg på ein slik fantastisk stor flyplass. Me fant ut at sidan me er heilt ny på denne flyplassen, så skal me følgje beskjedane som kjem opp på monitoren. Den informasjonen me kunne ha fått var ikkje der og me fekk vite klokka 19:50, (når bussen som skulle transportere oss til flyet gjekk) at det kanskje var lurt å møte opp på gaten vår.
Me fekk lite til overs for Frankfurt den dagen, og råar alle som måtte gå gjennom det same om å møte opp minst 29 timar før! :O. Flyplassgolvet var eit spontant valg og etter kvart utruleg nok ein komfortabel plass å sove på,.i alle fall om ein skal tru Thomas! :D.
Det hadde seg nemleg slik at me vart verande i Frankfurt i 29 timar. JA me mista flyet vårt, det var ikkje berre vår feil, Tyskarane hadde ein sarkastisk form for medfølelse for oss, men me lot oss ikkje lure!. Dei kan kanskje verke forståelsesfulle og greie, men dei er alle heimsøkt av "luftwaffe" syndromet. Ein veldig smittsom sjukdom som oppstår når Lufthansa har ein dårleg dag!
Etter å ha spurt kva i svarte som fekk dei til å utgi så lite infomasjon, fekk me som svar "I know, it's hopeless. This airport is known for it's incapability of giving information out to the customers, but it's your loss really"!
Då var det kveld, ny dag i morgon, nye moglegskapar.
God natt! :)